Siste helg på Hawaii

No begynner Christine og eg å bli ferdige med pakkinga! Me trudde me var nesten ferdige, men det viser seg at me har kjøpt ein GOD del saker og ting her nede. Så no sitter me her på eit ganske tomt soverom med: to store kofferter, ein 78 liters ryggsekk, ein liten trillekoffert, ein vanlig ryggsekk og ei stor veske! Alt er med andre ord nesten klart for å reise til flyplassen i morgon kveld!

Igår var den nest siste dagen på Hawaii og me hadde ein KJEMPE fin dag på stranda! Sol, bading, volleyball, øl og musikk: kan ikkje bli så mye bedre siste dag på Hawaii enn det:)

På torsdagen solgte me bøkene åkkårs (prøvde å selge bøkene), og tok siste farvel med skulen og alle dei rare folkane som henger rundt området der. På kvelden hadde me avskjedsmiddag for Tina på Cheesecake factory, der var me 14 stk, så det var også veldig koselig. Og på fredagen så handla Christine og eg julegåver, så no kan det bli jul! (Så lenge det gjenge greit på flyplassen i morgon og me får me åkk alt heim igjen!) Og så var me på ein japansk restaurant og åt kjempe god middag! Samme som når eg hadde besøk heimefra. 

Har vore ei fantastisk tid her nede (sett bort ifrå alt skulearbeidet, det kjem eg ikkje til å savne!) og det blir kjedelig å ikkje kunne ta med seg sol og varme heim igjen! Har vore deilig å ha sommer så lenge, men samtidig så blir det godt å komme heim til familie og venner, og ikkje minst julestemning! Blir dårlig med julestemning når du går rundt i sommer temperatur ;)

 Her er bilder frå siste helga:

Heile gjengen på Cheesecake factory


Me var visst på stranda på fredag også! Her er Diamond Head i bakgrunnen

Litt show på den Japanske restauranten

Waikiki beach!


Lesestoff frå storesøster kjem godt med på strandtur

Nissefar er også på stranda!

Siste solnedgang på Hawaii for ei stund!



Og avslutning etter ein fin dag på Cheeseburger

 

Dette bli nok siste blogginnlegg, begynner reisa heim ikveld (søndag), mellomlander i noen timer i New York så forhåpentligvis rekker me innom for å se byen klar for jul, så er det stopp i Oslo noen timer og så lander eg på Kjevik tirsdag ettermiddag, der dei søte tanteungane mine og resten av familien står klare :) Blir ei lang nok reise, men me er jo to så det hjelper! 

 

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

hits