Besøk

Då har besøket reist, etter ei kjempekoselig halvannen veke! Har hatt besøk av mamma, pappa, Bente og Øyvind sidan forrige fredag! Har fått gjort mye, og sett nye ting! Den første helga var me på stranda ein dag, leide bil og kjørte rundt på øya og ute og åt på restauranter! Mandagen reiste dei videre til North Shore, mens eg blei igjen for å gå på skulen og bli ferdig med skulearbeid. Kom etter til Turtle Bay Resort på torsdag! Der var det kjempefint og eg fekk skikkelig ferie følelse! Fint vêr, basseng, hotellfrokost, sjøen rett vedsida av, osv. ingenting å klage på! Fredag var me i Polynesisk park, var gøy å ha fått det med seg, og også få danse show på kvelden! Lørdag var det shopping og Pearl Harbor for dei, og eg fekk også introdusert yoghurt is til dei som holdt ut på handlesenteret (med andre ord mamma og Bente). Søndag handla me joggesko til den store gullmedaljen og var på Hanauma Bay der me fekk snorkla og logge på stranda heile dagen. Eg har begynt innspurten til heimreise, og har gått ned til solfaktor 8, satser på olje rett før heimreise og ei solbrent jul ;) Søndag var me også på Cheesecake factory, der eg fekk vist dei både kjempegod middag og ostekaker til dessert, som svarte til forventningene! Denne veka har det blitt mye soling og strand, og kikking i byen. Dei reiste igår kveld så no er det tilbake til hverdagen med knekkebrød, treningsstudio og skulearbeid ;) 

 

Her er noen bilder frå besøkstida:


Akkurat ankommet Hawaii og fått blomster og jägerkranser!


Pappa nyter utsikten langs vestkysten av øya


Koslig barnebutikk på North Shore


Me måtte jo stoppe og se på skilpadder også


Ikkje galt å få besøk og komme på eit så fint hotell!


God middag på hotellet


Eit fint palass på vegen til North Shore



Polynesisk senter


Me var også innom Fiji på det polynesiske senteret, ligna faktisk litt på hytta eg og Karin overnatta i når me var på Fiji!


Turistane



Vulkan av løkringer på Japansk restaurant, skikkelig stilig "kokke show" og god mat!

Snorkling på Hanauma bay



Me var på stranda heilt til sola gjekk ned




Middag på italiensk restaurant

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

hits