North Shore

No har me akkurat komme inn døra etter ein kjempe fin dag tilbrakt på forskjellige strender! Blei henta i 11 tida i ein solid familie-leigebil. Sidan sjåførane var litt forsinka, og me satt på gata å venta, fekk me erfare noe av det lokale mangfoldet her; Ein mann med hunden sin, som åt opp maten til Ingrid fordi han skulle vise at hunden kunne gjere triks. (Folk er frampå her altså!) Men me fekk no i alle fall løfte om billig snorkleutstyr på den lokale surfeforretninga!

Me reiste saman med to tyskere og to andre norske, pluss ein bil til. Det fyrste stoppet var ein plass der me kunne se på skilpadder. Etter dette kjørte me videre til Waimea bay beach, og låg noen timer før me kjørte noen meter lenger og tilbrakte resten av dagen på Kikiki beach(eller noe sånt). Skulle egentlig på Shark Cove, ei anna strand, men me fant det ikkje (det viste seg at det berre låg noen hundre meter til venstre for åkk), men me koste åkk der me var, så det gjorde ikkje noe. 


Christine fekk kryssa av "se skilpadder" på lista si!

Undervannskameraet blir flittig brukt!

Genial oppfinnelse og min nye venn! Solkrem på sprayboks:) 


Turfølget!

Den siste stranda me var på (Kikiki Beach?!)



Solnedgang

Oppstilling foran leigebilen:)


Veldig greit å kunne leige bil, fordi då tok det berre 1 time, sammenlignet med buss som stopper heile tida, pluss at ein må bytte buss på vegen, som tek til sammen mellom 2 og 3 timer. Så me var veldig fornøyde med bil:) (I alle fall når me slapp å kjøre sjølv, ikkje heilt vant med fire- og femfelts veger!)

 

Én kommentar

Tonje

17.09.2012 kl.18:07

He eg ikkje vore misunnelig før, så blei eg det jaffal nå!! ;)

Skriv en ny kommentar

hits