Siste helg i Sydney

Då var siste helga i Sydney snart over. He kost meg skikkelig og trur eg har gjort det meste eg ville før eg reiser heim! Så den siste tida no er det lesing, pakking og sei hadet til folk, som står på programmet! Om ei veke til idag (norsk tid) så er eg i Norge!:) Prøvde å begynne å lese til den siste eksamen igår, men klarer ikkje å slutte å tenke på heimreise, så det blei til at eg rydda og pakka heile hybelen istaden.. Får håpe det gjenge bedre idag;) hehe


Her står nesten alt klart, sekk og koffert skal med heim, resten skal til veldedighet og kastes!


Har jo vore litt bekymra, eller er fremdeles litt bekymra, for om eg fær med meg alt heim igjen, men såg på internett her om dagen at i tillegg til håndbagasjen kan du ha med: datamaskin, jakke, rimelig mengde med lesestoff og diverse anna. Dette er veldig bra for min del, i og med at dataen min veie eit halvt tonn! Så no har eg 7 ekstra kg i håndbagasjen eg kan pakke på:)

Igår så var jo, som sagt, eg og Karin på massasje.. Eg syns det var godt, men vondt av og til, mens Karin syns det var vondt mesteparten av tida! hehe.. Men det er vel det som er meininga!? Men me var enige begge to om at det var verdt det:) Etter massasje så reiste eg på bodycombat, kjempegøy, kampsport inspirert time!

Seinere på kvelden reiste Katharina, Mona og eg på kino, Oranges and sunshine. Film om deportering av barn fra  England til Australia på 1950-70 tallet. Trist film, men interessant. Er basert på ein sann historie.. 

No har eg akkurat hatt ein skikkelig søndagsfrokost med baguetter og eit stort glass iskald melk, og er snart klar for ei spinningøkt:)

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

Hanne i Australia

Hanne i Australia

22, Agdenes

Kategorier

Arkiv

hits