Brisbane og besøk til Yvonne:)

Då er ei fantastisk helg allerede øve! Karin og eg reiste tidlig torsdagsmorgon til Brisbane for å besøke Yvonne! Me hadde gleda åkk lenge, så det var ingen problem å stå opp før 6 om morgonen! (Nesten i alle fall, med tanke på kå kaldt det er å gå ut av den varme dyna når det ikkje er nokon varmeovn her!) Klokka 12 satt eg og Karin på flytoget inn til Brisbane og hadde alledere klart å surre åkke vekk! Me tok likegodt flytoget heilt til den andre sida av byen og så tilbake igjen samme vegen til der me egentleg skulle ha gått av! Men gjensynsgleda var like stor sjølv om Yvonne måtte stå ein halv time på togstasjonen å vente på åkk:)

Etter å ha lagt ner alle tingan åkkår og sett den fine leiligheten dei budde i, forta me åkke ut på sightseeing og ei god handleøkt! Handlinga dominerte igrunnen litt igjennom heile helga! He nok brukt litt meir penger enn det eg hadde regna med;)

Fredagen reiste me til surfers paradise! Det var veldig gøy sia eg ikkje har vore der før! Byen er jo kjent for skyskrapere som ligger rett med stranda!  Me hadde pakka med bikini, men sjølv om det var sol og blå himmel, fant me fort ut at det var litt for kaldt for åkk å ligge på stranda så me gjekk rundt i gatan og kikka og handla i stedet!

Lørdag var me på eit koseleg marked i byen! Sola strålte denna dagen au og me kunne gå i shorts og tskjorte og ikkje minst ete is;) Var mange forskjellig boder der du kunne kjøpe det meste! Mye fint, så det var bra for lommeboka mi at eg bare kan ha med meg 23kg heim igjen! På kvelden var me ein gjeng å grilla og reiste ein tur ut:)

Idag måtte me au stå opp tidlig for å rekke flyet heim igjen! Helga har gått alt for fort, men det er bare halvannen veke så kjem Yvonne på besøk til åkke! Så det blir gøy:)

Nå må eg lese på quiz me skal ha i morgon! På tirsdag er eg ferdig med alle oppgaver og innleveringer og då er det "bare" eksamen igjen! Det blir deili:) Litt kjedelig at eg har så mye som skal leveres inn på 17. mai, men satse på at eg fær ei lita feiring i det minste:)

 


På handletur:)



Klare for Surfers Paradise, var ca halvannen time med tog og buss frå Brisbane

Ikkje så lett å ta hoppebilder av to som lander før dei har letta nesten... Men me fekk det til ei gong i alle fall:)


Karin ville au hoppe





Biffmiddag:)

På veg til marked







Badeplass dei har midt i byen, veldig fin plass, men bassenget var ikkje heilt ferdig endå.. Detta var det eineste me såg som var ødelagt av flommen

Grilling på kvelden, alle studere økonomi på uia







Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

hits