Siste helg på Hawaii

No begynner Christine og eg å bli ferdige med pakkinga! Me trudde me var nesten ferdige, men det viser seg at me har kjøpt ein GOD del saker og ting her nede. Så no sitter me her på eit ganske tomt soverom med: to store kofferter, ein 78 liters ryggsekk, ein liten trillekoffert, ein vanlig ryggsekk og ei stor veske! Alt er med andre ord nesten klart for å reise til flyplassen i morgon kveld!

Igår var den nest siste dagen på Hawaii og me hadde ein KJEMPE fin dag på stranda! Sol, bading, volleyball, øl og musikk: kan ikkje bli så mye bedre siste dag på Hawaii enn det:)

På torsdagen solgte me bøkene åkkårs (prøvde å selge bøkene), og tok siste farvel med skulen og alle dei rare folkane som henger rundt området der. På kvelden hadde me avskjedsmiddag for Tina på Cheesecake factory, der var me 14 stk, så det var også veldig koselig. Og på fredagen så handla Christine og eg julegåver, så no kan det bli jul! (Så lenge det gjenge greit på flyplassen i morgon og me får me åkk alt heim igjen!) Og så var me på ein japansk restaurant og åt kjempe god middag! Samme som når eg hadde besøk heimefra. 

Har vore ei fantastisk tid her nede (sett bort ifrå alt skulearbeidet, det kjem eg ikkje til å savne!) og det blir kjedelig å ikkje kunne ta med seg sol og varme heim igjen! Har vore deilig å ha sommer så lenge, men samtidig så blir det godt å komme heim til familie og venner, og ikkje minst julestemning! Blir dårlig med julestemning når du går rundt i sommer temperatur ;)

 Her er bilder frå siste helga:

Heile gjengen på Cheesecake factory


Me var visst på stranda på fredag også! Her er Diamond Head i bakgrunnen

Litt show på den Japanske restauranten

Waikiki beach!


Lesestoff frå storesøster kjem godt med på strandtur

Nissefar er også på stranda!

Siste solnedgang på Hawaii for ei stund!



Og avslutning etter ein fin dag på Cheeseburger

 

Dette bli nok siste blogginnlegg, begynner reisa heim ikveld (søndag), mellomlander i noen timer i New York så forhåpentligvis rekker me innom for å se byen klar for jul, så er det stopp i Oslo noen timer og så lander eg på Kjevik tirsdag ettermiddag, der dei søte tanteungane mine og resten av familien står klare :) Blir ei lang nok reise, men me er jo to så det hjelper! 

 

Feriefølelsen

... er på veg! Ferdig med 3 av 4 eksamener og skal ta siste i dag! Må sei at eksamenstida i Amerika er noe ganske anna enn eksamenstida i Norge. Amerikanerane må jo få sjokk når dei skal studere i andre land! Nevnte eg at me fekk melding om at eksamen hadde begynt, 2 timer før den egentleg skulle begynne? God beskjed å få samme morgon som du skal ha eksamen og fremdeles er heime og må ta buss i ein halv time for å komme til skulen! Heldigvis så spilte det ingen rolle når du møtte opp til eksamen!?! Så det gjekk greit! Den fyrste eksamen igår gjekk bra og den andre gjekk ikkje fult så bra, MEN det er jo snart ferie :) Igår var me ute på Moose's igjen og feira at dei verste eksamenane var over og for å få med oss den siste tirsdagen på Moose's før me reiser heim! Det var god stemning og mange kjensfolk, så det var gøy! I dag blir dagen tilbrakt på stranda, og så bli det eksamen ikveld. God måte å lade opp til ferie!

Flinke jenter leser til ny eksamen



Belønning etter eksamen nr 2 (nutella pannekaker, veldig godt!)


Belønning etter eksamen nr 3 :)

Nå er det stranda og avslapping i sola som gjelder fram til heimereise! 50 graders forskjell blir spennande for ein stakkars frysepinne!

Andre søndag i advent

Ny søndag i desember og nest siste søndag på Hawaii. Tida går så fort! I dag har me atter ei gong utnytta finveret og vore på stranda. Kjempe deilig :) I morgon har me fyrste eksamen, så det blir spennende! Og så går det ganske fort med to til på tirsdag og ein som me må ta i løpet av veka, helst så fort som mulig slik at me får ferie fort! Blir godt med noen dager fri før ferda heim starter på søndag:)

Her er dagen i bilder:

Strandbagen er med på stranda! (Bøkane er på bunnen altså!)

Nyter siste tida med sol og bading


Christine skaper julestemning på stranda med mandarin:)


Og eg prøver å finne julestemning iblandt alle dekorasjonane! 


Me har vore flinke og fått lest ein del/meir i dag, så no håper me at me er litt meir klare for resten av veka. I kveld fekk me også servert tacomiddag av Ingrid og Kjetil, som var veldig koselig og kjempegodt! Og så avslutta me kvelden med film! Atter ein god adventssøndag med andre ord! 

 

Me prøver igjen!

Ny dag, ny lesing! I går var det kommunikasjons lesing på programmet, så me prøvde igjen å få utnytta sola med å sitte på verandaen og lese! Genialt at Amerikanerane har tenkt på strømuttak på verandaen, i alle fall for meg som ikkje har mac og som har eit batteri som holder på å ta kvelden! (Håper at det er adapteren som er grunnen!) Det funka utmerket, heilt til det blei for varmt og eg måtte sette meg inn (luksusproblem? Jepp:)) Men Christine holdt ut!

På fredag var me i bursdag til ein i klassen, også frå Norge, så då grilla me og kosa åkke! Etterpå gjekk me til Moose's og dansa sammen med resten av Nordpolen. Var ein slags parade fredagskveld, (som stoppa heile trafikken sånn at det tok 40 minutter å komme seg frå ei side av byen til andre), men den inneholdt då altså utkledde nisser, alver og alle andre julefolk! Me fekk ikkje sett paraden, men me fekk sett alle som reiste ut etterpå, og det var ganske gøy :)

 

Her er litt bilder frå danse- og leseøkta:

 

Grillområdet utanfor leiligheten

Nesten heile jentegjengen og Jarl Erik!

Christine og nissefamilien!

Veit ikkje heilt kva slags forklaring eg har til dette bildet! Juletre og juletre pynt?!

Veronica, Christine og Ingrid med nissane


... Og så spilte me fotballspill! Maud og eg var ganske gode (den eine gonga hvertfall) så det var veldig gøy!

Moose's kan også pynte til jul!

Christine og eg har rigga oss til nok ein lesedag

Proviant til lesedag!

SOOOOL :)

Ellers så har eg fått gladnyhet om at det er lov å ha to håndbagasjer på flyet heim uten noen maksgrense på kilo -> Eg liker amerikanske flyselskap! Så då kan eg handle meir den siste tida allikavel! Jippi :) Var litt redd eit øyeblikk der!

Eksamenslesing på stranda

I desse tider så er det litt vanskeleg å motivere seg til å lese til eksamen, så kva er då bedre motivasjon enn å ligge på stranda og lese? Christine og eg testa ut dette i dag, så no sit me her knallraude i fjeset begge to og er ganske så fornøyde med leseøkta! I morgon blir det ryggen som fær gjennomgå, og forhåpentlegvis litt meir kunnskap som synker inn!



God motivasjon



... heilt til det kjem hundrevis av fugler, som er mye meir interessant!

... Men me fær lest litt også! 

 

Livet i storbyen

... er ganske forskjellig frå livet på bygda! På søndag låg eg og slappa av på sofaen då eg såg mange folk som stod på verandaen i leilighetskomplekset på andre sida av gata, og når eg gjekk ut på verandaen viste det seg at det var ein slags motorsykkel parade!(?) Og i dag når eg stod opp gjekk eg ut på verandaen for å kjøle meg ned (fordi eg måtte ha på meg bukse sidan det var lang dag på skulen!), og såg ei stor folkemengde som hadde samla seg på andre sida av vegen. Det viste seg at det var innspilling av Hawaii Five-0 med fine biler og skyting. Og til opplysning så ser kampscener veeldig falskt ut i virkeligheten!

 

Her er litt bilder frå begivenhetane utenfor leiligheten:


Motorsykkel parade


Julemotorsykkel ;)

 

Filmsettet

Misunnelig Hilde og Erik? Trur eg må begynne å følge med på denne serien når eg kjem heim!

 

I dag hadde me to framføringer og siste forelesning, og blei med det ferdig med alle oppgaver og gruppearbeid her nede på Hawaii! Endeleg!!! Trur det gjekk greit, så no er me klare for eksamenslesing på stranda og så litt ferie før ferden heim starter :)

 

Fyrste søndag i advent!

I dag har eg sett videoklipp frå årleg grautfest i Støylen der familien sang og gjekk rundt juletreet, så no kan jula virkeleg komme :) 

Eg og Christine har hatt ein veeeldig rolig søndag, og sitter i skrivande stund å venter på take out pizza; siste skritt i å bli amerikanisert! I går var me på eit utested som heite Nashville og fekk dansa swing og linedanse, skikkelig cowboy stemning så me hadde det veldig gøy :) I dag har det vore disig ute, så me har for det meste hatt ein slapp dag inne, men hadde eit avbrekk der me kjøpte McDonals mat og gjekk til parken for å ha "piknik". Veldig koselig og avslappande med sjø og fin utsikt. Me fekk også gleden av å høyre livshistoria til ein mann frå Canada som kom å satt seg ned med åkke (ikkje uvanlig her på Hawaii). Så som snille og tolmodige jenter satt me i 10 minutter og hørte på. 

Nå skal me kose åkk med CB julebrus, ein stor pizza med alt på, og julefilmen: the Holiday! Ganske bra fyrste søndag i advent med andre ord!


Christine er nøgd med maten sin!
 

Og eg lærer aldri at McDonalds mat er jo ikkje godt!


Grei utsikt i desember:)

It's the most wonderful time of the year..

Så var det snart jul! Kontrastane er litt store når eg ser på facebook; var på julegåve handling her om dagen og tenkte at eg skulle komme litt i julestemning så eg satt på "Vårres jul" på mobilen mens eg gjekk heim, kan ikkje sei at julestemninga kom, rart å høre på julemusikk midt på sommeren! Når ein er inne i butikkane er det ein heilt anna historie fordi, som alle veit; er det noe amerikanerane kan så er det overdådig pynting! Dei har julemusikk på i ALLE butikker, og då meiner eg ALLE, og heile tida. Den eineste variasjonen er at i noen butikker så spiller dei Hawaii julesanger, og i andre er det pop julesanger. 

Macy's er ein racer på pynting ;)






Og til slutt så klarte Christine å snike seg med på eit av spionbildane mine ;)

Ferie på Big Island og Maui

Så har me komme tilbake frå ei veke med ferie på Big Island og Maui. Me begynte ferda tidlig (klokka 5!) onsdags morgon for å reise til Big Island. Me kom fram tidlig og fekk leid bil (stilig, svart mustang!) og kjørt igjennom litt av øya med taket nede. Var ikkje sånn kjempe heldige med veret på denne øya så taket måtte for det meste vere oppe desverre, men me hadde det nede så mye som mulig. Eg må sei at det var deilig å kunne kjøre bil og ha litt frihet etter å ikkje hatt bil i 3 måneder. Me fekk kjørt rundt heile øya denne dagen og leverte den samme kvelden sidan mustang cabriolet viser seg å vere ganske dyrt å leige ;)

Me fekk sett litt annerledes natur sidan det er ein levande vulkan på denne øya, det var mye svart natur rundt omkring og gråe tre. Me fekk også sett vulkanen, me såg ikkje lava, men me fekk i alle fall sett verdens største levande vulkan, så det var litt tøft :) Ellers så gjekk me rundt omkring i den byen me budde i, var ikkje veldig turistby og sidan det var thanksgiving når me var der og alle butikkane var stengt den eine dagen, virka byen mest som ein spøkelses by. Men me kosa åkke fordiom. 

På Maui var låg me igrunnen bare på stranda og sola åkk så mye me kunne. Var ganske dyrt å leige bil når me bare var to, så me fant ut at me heller ville ligge på stranda. Plassen me budde heita Lahaina og dette var ein veldig koselig bu der cruisebåtene kom inn, så det var mange butikker i gatane og mange strender også. 

Nå er me tilbake frå ferie og skal starte på siste innspurt av semesteret. Me har noen gruppeoppgaver og andre innleveringer som skal inn dei to neste vekene, og så er det eksamen. Satser på å få logge på stranda og lest sånn at me får me åkk så mye farge som mulig før jul :)

 

Her er bilder i frå ferien:

To fornøyde jenter som gjør seg klar for roadtrip




 

Verdens største levande vulkan

Det var fult av hål der det kom ut damp, i nærheten av vulkanen

Christine prøver å vere skummel inne i "lava tubes"

Kartleseren følger med på kartet

Sjåføren er klar for avreise

Kul vegg på Black Sands 






Me måtte ha noen hoppebilder



Det svarte landskapet på Big Island

Kona by lada opp til thanksgiving



Bubba Gump frå Forrest Gump filmen

Og så gjekk me til eit fossefall

Ut på tur aldri sur

Og så klarte flinke eg å ramle ned siste skråninga foran eit par amerikanske barnefamilier

Maui:)



Og så var me ute og åt middag!



... og frokost:)



Me såg også eit budda tempel


Og så gjekk me i to timer på sandaler for å komme til stranda, me fekk litt gnagsår, og nei, me visste ikkje at det var såå langt å gå!


Og så kosa me åkk på stranda!

Det var ein kjempe fin tur og gøy å få opplevd litt av dei andre øyan. Veldig annerledes fra Oahu, med tanke på liv og aktivitet, så det var veldig gøy å reise på ferie der, men er glad for at me bur på denne øya :)

Kalihi Ice Ponds

På fredag var me på ein fin, liten gåtur til noen fossefall eit lite stykke utanfor Waikiki. Forrige gong me var på fossefall tur så pøsregna det, og det såg ut som at det kom til å regne denna gonga også, men det klarna opp i siste liten:) Eg må seie at denne fossen var litt finere enn den forrige. Me måtte klatre nedover ein gjørmete bakke for å komme fram, og så gjekk det ann å klarte oppover fjellsider for å komme til forskjellige nivåer av fossen. Veldig fint! Og så kunne me bade i tillegg! Det var VELDIG deilig å kunne bade i fersk vann igjen og føle seg rein etterpå, sjølv om det var kaldere enn i sjøen (er ein grunn til at det heiter ice ponds), men skal ikkje klage når vannet er rundt 20 grader ;)

Her er noen bilder i frå fossefall tur:


Klatreetappen

Fyrste nivå av fossen

Andre nivå

 


Ellers i helga så har me gjort skulearbeid og handla; Alt for gøy å handle på billige klesbutikker, heldigvis fekk eg sendt mye heim med mamma og pappa, så det skal nok gå greit med tanke på vekt, verre med lommeboka! Og så hadde me bursdagsvors for Ingrid igår, så det har vore ei gøy helg:)

Les mer i arkivet » Desember 2012 » November 2012 » Oktober 2012
hits